Hei alle sammen!

Vi, (Stian og Reidun) har nettopp hatt ei hærli veke ilag med Anne og Raymond i Cascais!! Her kjem eit lite minireisebrev frå oss, slik at andre også kan bli frista og nytte seg av ei unik muligheit til avkobling frå kvardagen og treffe fantastisk flotte folk, nemleg mannskapet ombord på Helmax!!

 

           

 

Avreise til Lisboa laurdag, og etter ein lang dag stod vi endelig på flyplassen. Vi gjor det enkelt og praya ei taxi. (trudde vi) Ein ting med å reise til eit anna land er no at ein bør kunne å snakke engelsk, og då klare ein seg overalt skulle ein tru, den gong ei. Då vi sprudla i vei om at vi hadde hatt ein lang dag, gledde oss til å komme oss til Cascais og hotellet Bali der vi skulle møte venner av oss, fikk vi ei tirade av porugisiske glosar tilbake, medan sjåføren reiv seg i håret... Joda, vi kom oss no fram etterkvart, etter nokke stamming om Cascais, bali, amigos,Cascais igjen en tre, fire gonga og litt tegnspråk. Verre var det at sjåføren hadde fryktelig dårleg tid, og ein meget gammal bil med slitte dekk og gåent andre gir. Her var det berre å knipe seg fast og be ei kort bønn:)

I Cascais henta Anne og Raymond oss på stranda med jolla si, og i sanden kunne ein sjå to nakne fotspor og to laaange trillespor av kofferta som gikk heilt ned til sjøen og berre forsvant. Ditta lova veldig bra!

 

              

 

Søndag vart dagen derpå dag, takka vere all den skravlinga til dei lyse morgontimane kvelden før. Utruleg kjekt å treffe Anne og Raymond igjen, og høre om alt det spennande dei hadde opplevd so langt. Deilig å stå opp, gå ut på dekk, trekke inn den varme sommerlufta og nyte Cascais utsikta frå båten der vi låg oppankra på stranda. Vi låg forresten oppankra der nesten heile veka, noko som fungerte heilt fint. Til vår store overaskelse låg der ein kjentbåt rett ved sida av oss, Mudskipper. Stian og eg traff dei ein gong i Søvika og ein gong i Mandal og no i Cascais. Verda er ikkje så stor for langtur seglarar. Kjekt gjensyn.

 

Anne og eg praia guttaboys på mandag og drog dei baklengs med oss inn på ei gigantisk matvareforretning. Middaga, brødmat, mineraler og anna dill vart handla inn for ei heil veke. Vi trengte bærehjelp!

 

Tirsdag var det overskya og litt vind, så Stian såg sitt snitt til å få pakka ut den flunkande nye paraglidervingen Infinity2 på badetranda. Gjett om guten kosa seg. Det var litt for lite vind til å holde seg over bakken, men Raymond viste råd og knytta eit tau rundt magen på Stian og so bar det i vei i fult firsprang over stranda. Den stakkars langtur seglaren fikk etterlengta mosjon og vel så det. Heime i båten måtte han desverre hive inn på tabeletta for å stilne dundrande skallebank.. off off.. igjen må eg seie kor kjekke dessa folka er. Ofra liv og helse for at Stian skulle få sin første flygetur i nyvingen!

Seinere på tirsdag for vi på beøk til ein Katamaran med mannskap frå Østerrike, og deretter på besøk til norske Menja. Kjempekjekt å treffe andre norske langturseglara! Særleg innspirerande for oss som driv å emna på samme ideen. Verdifult å høyre frå andres erfaringa, positive og negative.

 

           

 

Når vi først har dratt til Portugal, og ligg oppankra i Cascais, så høyrer det med å utforske landets hovedstad. Onsdag tok derfor Stian og eg toget til Lisboa og fikk oss ein flott dag i byen. Tja flott og flott.. vi gløymte å sjekke opp interessante besøksmål i Lisboa før vi for frå Norge, så byturen gikk stort sett ut på å trave rundt i dei smale, spennande gatene og leite etter vatn, is og do! Men vi fann no litt små stæsj å ha med tilbake til dei heime i kalde nord. Litt rart reise til eit framand land, der ein må bruke både fingra og bein for å gjer seg forstått, og så i neste augeblikk krysse gata og møte folk som snakkar ditt eige morsmål... men etter det eg har forstått, så er Lisboa eit populært reisemål for mange nordmenn. Mykje historikk, museer og spennande bygningar.

Vel heime i Helmax var vi temmelig køyrt etter ein slitsom dag med mykje folk og bråk, men dagen skulle ikkje vere over endå! Til Cascais hadde det nemleg ankomt fleire noske seilera, og vi var ikkje mindre enn 4 norske seilbåtar som låg oppankra ved stranda. Alle tiders! Så til kvelden var det duka for stor sammenkomst, Norvegian beach party!! Frå dei i båtane som låg oppankra og dei i havna vart vi ein gjeng på 15-16 stk. Go`historiane gikk på rundgang, Raymond leita fram munnspelet og Anne + Ingrid frå menja underheldt med gitarspel og sang. Riktig trivelig:) Også her var det verkeleg verdifult å få høyre andre fortelle livleg frå erfaringane dei har gjort så langt. Ingen tvil i at det varte og rakk før vi fann heim til køyene.

 

No når torsdagen kom så var vi alle klar for ein seiltur. Litt vanskelig å bestemme vindretninga eller styrken, men vi la utpå. Oi, Oi. Det vart valuta for alle pengane. Her gikk det plutselig unna, i stor fart mellom klippar og fiskebåtar langs kysten. Vi kryssa og reva seil og kosa oss skikkelig!

 

 

 

             

 

 

Fredagen våkna vi etter ei uroleg natt. Det blåste litt og alle dei tøffe vikingane frå nord, leita seg stilt inn i den noko tryggare og stillare gjestehavna. Men spådomane om vindfull dag skulle vise seg å slå feil. Vi fikk nydelig sol og blå himmel, så helmax sitt mannskap m/gjestar + Vision (Rakel og Thomas) fann fort veien inn til badestranda. Der blei det drageflyging, litt paragliding, bading og soling. Men mannfolka orka ikkje ligge still så lenge, så dei stakk til båtane, henta fram snorkel og drakt og fridykka utafor havneområdet. Ellers bestod denne siste dagen i Casvais av å pakke og gjere siste innkjøp av suvenira.

 

 

 

 

 

Til den som vurdera å besøke Anne og Raymond ombord i Helmax, må eg berre legge til nokre få advarsla:

1. Reis dit på tom mage. Fordi Anne laga so ustyrteli god mat som det er farleg å få for mykje av. (eg gikk opp fleire kilo....) Det er altså ingen spøk. Den dama veit korleis det skal smake!

2. Pass dokke for plutselige sprell frå Raymond. Viss han kjeda seg kan det hende at det går utover en tommel eller to... hehe.. den var vel egentlig litt intern, men frå spøk til alvor so er eg nesten heilt god att i tommelen min Raymond, so ikkje nokke meir å tenke på:)

3. Den som kjenne Anne og Raymond, veit at dei kan vere litt ueinige av og til. Ditta er ikkje noko farleg. Ta tida til hjelp og vent på at dei skal bli enige om kven som heite kva, når det skjedde, og kor mykje det kosta.... Dei blir nesten alltid enig tilslutt, berre dei får litt rett kvar.

4. Ellers er det heilt vanleg med kyssing og klemming ombord i Helmax. Dette er heller ikkje noko problem av betydning. Snarere tvert imot. Å sjå at folk er god mot kvarandre er hærleg, og det blir fort ein naturleg del av kvardagen:)

 

 

 

 

Turen vår til Portugal var uforglyømeleg og vi har hatt det kjempe flott. Tusen takk for ei hærleg veke ilag med dokke!! Håpe Helmax får ein flott tur langtur og at vi får seile meir ilag med dokke i framtida! God tur vidare og på gjensyn godtfolk:)

 

Helsingar frå Stian og Reidun Driveklepp